Hyttene
Vi har to hytter med høg standard. Det er fem senger i kvar hytte fordelt på 2 rom. Ta kontakt ved interesse. Døgnpris varier etter lengde på opphold.


Hovedhuset
Den eldste delen av huset kjem fra ei gammal røykstove fra ca. 1637. Huset er blitt flytta, bygd på og pussa opp. Vi kan servere frokost (sommarstid) i den gamle tømmerstova, kalla Bestemorsstova. Her er det møblar fra bestemor si tid.

Låven
I tidligare generasjonar var dette "rommet" fyllt av tørrhøy. Tidane endra seg, og det vart silo og rundballar som tok over. Dermed vart dette rommet ståande tomt. No har vi muligheit til å nytte det til tilstelningar av ulike slag.



Aktivitetar
Vi kan tilby både elvefiske og sjøfiske. Vi har sone fra 1 - 13 i Eidselva, sjå kart i galleriet. Vi har også båt til utleige på fjorden.
Eid ligg midt i Nordfjord og er innan ein times køyring til Briksdal, Stad mfl. Populære dagsturar er Geiranger, Trollstigen og Ålesund.
Grillen
Ein fantastisk plass ved elva. Her kan ein tilberede mykje god mat, og er ein heldig, kan ein sjå fisken hoppe. I grillen er det plass til 12 personar.
Galleri
Kontakt Oss
Vi kan kontaktast på 452 60 099, 402 00 926, epost aria@online.no.